Frå avfall til ressurs

1. Levering av matrestar

Du leverer matrestane til kompostkonteinaren vår på Marineholmen gjestebrygge, rett ved Småpudden. Alle medlemmar får gratis komposterbare posar til matrestane.

Matrestar som blir levert til Kompostringen må IKKJE innehalde;
- Teposar (dei fleste inneheld plast)
- Bioplast-posar (desse blir ikkje brutt ned)
- Farga tørkepapir
- Bein som er kraftigare enn kyllingbein

Metode.JPG

2. Kompostering av matrestar

Vi komposterer matrestane i ei topp moderne kompostmaskin. Denne sørger for at vi blir kvitt bakteriane vi ikkje ønsker å ha med vidare, samtidig som vi beheld dei nyttige organismane. Det skjer i eit lukka system der vi har kontroll på temperatur og utvikling i prosessen. Det tek 14-16 dagar i maskina før komposten må ettermodnast i 4-6 veker. Det betyr at det tek ca 8 veker frå matrestane samlast inn til det er omgjort til næringsrik kompost.

Sjå film av tilsvarande maskin i bruk her

3. Utlevering av næringsrik kompostjord

Alle medlemmar har mulegheit til å få tilbake næringsrik kompostjord. Denne jorda kan du bruke til dyrking i eigen hage/balkong. Dette er jord som er full av næring, og vi anbefalar difor at du blandar den ut slik at det er 1/3 kompost og 2/3 vanleg jord. Då sikrar du at plantene ikkje får meir næring enn det dei klarer å nytte.

Sjå her for å lære meir om å dyrke sjølv 

Overbevist ? Registrer deg her!