Vi er eit initiativ som starta hos Bybonden i Bergen og Stiftelsen Lystgården

Kvifor?

Lokale sirkulære løysingar er avgjerande på vegen mot eit meir berekraftig byliv. Vi tilbyr ei felles komposteringsløysing for nabolag for å sikre at vi nyttar matrestar som ressurs der dei finnest. Vi sikrer òg tilgang til næringsrik og berekraftig kompostjord midt i byen.

Prosjektet har fått tildelt midlar frå Bergen Kommune, Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune.

Bybonden i Bergen

Bybonden skal bidra til å inspirere og dyktiggjere innbyggarar og institusjonar til å dyrke meir av sin eigen mat. Bybonden skal kome med tiltak som motiverer ungdom til å velge bondeyrket og andre matfaglege yrker, og bruke urbant landbruk til å engasjere sosialt utsatte grupper og nabolag.

Lystgården

Lystgården er eit senter for mat og urbant landbruk.

Lystgården jobbar med heile verdisirkelen JORD og BORD og fremmer økologisk og sosial berekraft.

Sjekk ut kva som skjer HER.

Om oss

Dyrkbart AS driftar prosjektet. Dyrkbart er eigd av Anleggsgartnermester Wikholm og Stiftelsen Lystgården, og har som oppdrag å utvikle berekraftige og sirkulære løysingar i byen.